Spelemidlar til idrettsanleggKommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskott til: nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde) For idrettsanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Anlegget skal ha universell utforming For nærmiljøanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga Mottakar av søknadSkjemaet sendast til kommunen, som behandlar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen den 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Frist for å levere inn til kommunen er 1. november. RettleiingAlle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden. ReferansarIdrettsanlegg.noPublikasjoner fra Kulturdepartementet (Idrettsavdelingen)Søknad om spillemidler til idrettsanlegg