Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Lokal transporttilbod for ungdom (LTU)

Fjaler kommune har fått tildelt kroner 100 000 i lokal transporttilbod for ungdom for 2021. Dette er ei ordning som har fungert i mange år og som vert administrert av kulturkontoret i Fjaler. Midlane kan nyttast til transport av ungdom til og frå ulike fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.
 

Informasjon om ordninga:

  • Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år 
  • Det bør vera 3 eller fleire personar som kan nytte samme transporten
  • Det er ein eigendel på 50 kroner
  • Eksempel på kva vi tidligare har nytta midlane til:
    • heim frå rusfrie ungdomsfestar 
    • bowlingturar,
    • transport til kulturskuletilbod
    • kveldskøyring i Bjørkelia
    • transport til/frå trening m.m
  • Midlane skal nyttast til fleksible transporttilbod og der oppslutnaden er avgjerande for om ruta går.
     

Har du spørsmål eller ynskjer du å nytte deg av tilbodet?

Kontaktperson er kulturleiar Ingeborg Tysnes.

Ingeborg Tysnes
Leiar kultur
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 988 65 054