Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus?
Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
Nasjonal informasjonstelefon: 815 55 015 

 

Kontingentstøtte - ei tilskotsordning for idrettslag og andre frivillige organisasjonar

Fjaler kommune har innført ei ny tilskotsordning for idrettslag og andre frivillige organisasjonar. I 2021 er det sett av ein pott på kr. 20.000 som idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan søkje tilskot frå om å få dekka manglande kontingentinnbetalingar frå medlemmer i målgruppa (barn og unge) som kan skuldast økonomiske vanskar.


Føremål med tilskotsordninga

Ordninga skal vere eit verkemiddel for lag og organisasjonar til å gje barn og unge høve til deltaking og inkludering på viktige sosiale arenaer, som fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin inntekt og sosiale situasjon. Det er eit tiltak som skal vere med på å førebyggje og/eller dempe konsekvensar av fattigdom.


Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.

Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis. Det er kulturkontoret som administrerer ordninga.
 

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknad om tilskot skal sendast elektronisk til Fjaler kommune  innan 15. juni. 

Gå til søknadsskjema


Søkjar skal sende inn oversikt over laget sine kontingentsatsar og rapport på tal manglande kontingentinnbetalingar for barn og unge i målgruppa og samla inntektstap for laget.

Ingeborg Tysnes
Leiar kultur
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 988 65 054