Hyllestad og Fjaler kulturskule
Frå 01.01.2007 har kulturskulen vore driven som ei interkommunal teneste med Hyllestad kommune som ansvarleg for drifta. Dei fleste tilboda i kulturskulen er desentralisert til skulekrinsane. Vi tilbyr opplæring til elevar i alle aldrar, og vi samarbeider både med offentlege institusjonar og frivilleg sektor.
Undervisningstilbod
Kulturskulen har eit breitt spekter av undervisningstilbod:
- Moderne dans
- Musikk
- Song
- Dei fleste instrumenta
- Tilrettelagt musikk
- Lyd- og lysteknikk
- Digital musikk
- Musikk i livets begynnelse
- Visuelle kunstfag
- Biletkunst
- Husflid/ handverk
- Teater
- Skapande skriving
Informasjon om tilboda, gjeldande prisar og reglement finn du på heimesida til Hyllestad kommune og på Facebook
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk. Søknader vert tekne imot fortløpande.
Her finn du søknadsskjema for skuleåret 2018-2019.
Kontakt
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Erlend Eide, som er nytilsett rektor for Hyllestad og Fjaler kulturskule.
Telefon 45 44 38 26
E-post erlend.eide@hyllestad.kommune.no