Kulturminneplan for Fjaler kommune 2019–2023 Fjaler kommunestyre vedtok planen i møte 18.11.2019. Kulturminneplanen skal vere eit verktøy for forvaltning av kulturminna i Fjaler kommune. Han vil vere eit hjelpemiddel til å prioritere mellom dei mange forskjellige kulturminna vi har frå ulike historiske periodar. Ei anna viktig side ved planen er å kartlegge og formidle kunnskap om kulturminna våre. Planen legg opp til at enkeltpersonar, organisasjonar og andre som jobbar med kulturminne i Fjaler, lettare skal få tilgang til støtteordningar og midlar. Å vere nemnt i planen vil vere ein fordel til dømes i søknadsprosessar opp mot kulturminnefondet og andre tilskotsordningar. Kulturminneplan for Fjaler kommune 2019–2023 (PDF, 3 MB) Kulturminnesøk Søk etter kulturminne på Riksantikvaren sitt kulturminnesøk.