Kultur i FjalerKulturaktivitetar legg grunnlag for viktige sosiale møtestader, og medverkar i stor grad til innbyggarane sin trivsel. Kulturkontoret skal vere ein pådrivar og rettleiar for å nå dette målet. Kulturkontoret i Fjaler inkluderer også folkebiblioteket og Frivilligsentralen. Samla arbeider vi for eit rikt og mangfaldig kulturliv i eitt breitt spekter: Skape møteplassar for kultur og fritid Samarbeid med det frivillige kulturlivet gjennom tilskot, driftsavtalar, marknadsføring, arrangementsutvikling og utleige av lokale Kunst og kulturformidling - forfattarbesøk, teater, konsertar Tilrettelegge for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Informasjonsteneste Koordinere og stimulere til frivillig innsats på tvers av fagområda Tiltak for barn og ungdom er prioritert Hovudbiblioteket er i 1. høgda og kulturleiaren har kontor i 3. høgda på Fjalerhuset medan Frivilligsentralen finn du i 2. høgda på Samvirket (gamle Coop Marked).