Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Lavo under bygging - Klikk for stort bilete

Alle kommunar skal ha ein plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Anlegg som er oppført i kommunedelplan sin handlingsdel, er i posisjon til å søkje tilskot frå spelemidlar. Denne planen er primært eit verktøy for å styre utbygginga av større og mindre anlegg.

Planen skildrar korleis det står til med idretten i Fjaler kommune, kva som er gjennomført av planlagde prosjekt og kva prioriteringar som gjeld i  planperioden.

Planen vert revidert kvart 4. år og handlingsprogrammet vert rullert kvart år.

Noverande plan vart vedteken januar 2017 og gjeld for perioden 2017-2020. Handlingdelen vert revidert kvar haust.

 

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Sist endra 27.10.2017 av Elin Ullebø Ulvik

 
 
Login for redigering