Volontørar som kjem frå ulike land i Europa eller frå naboregionar, er knytta fast opp mot sentralen kvart år. Dette var tidlegare støtta gjennom EU-programmet Erasmus+ European Solidarity Corps (ESC) , men støtta til å bruke ESC vart kutta i 2019 av regjeringa. Vi har likevel framleis volontørar i skulen, til middagsutkøyring og andre transportoppdrag, i BUA Fjaler og fritidsaktivitetar, i arbeid ved kontoret på Samvirket og ved Dale vidaregåande skule. Volontørar for 2020-2021 er Lars Ruben og Jakob , begge frå Tyskland. Grunna koronapandemien og omlegging av støtteordninga er det berre to volontørar dette året ( har vanlegvis vore fire ) og vi går ei uviss framtid i møte diverre.
Desse kommunane har europeiske volontørar i gamlefylket: Askvoll, Eid, Bremanger og Fjaler.
Eigar
Fjaler kommune er eigar av sentralen via øyremerka tilskotet til kommunen. Sentralen vart oppretta i 1995. Volontørtenesta starta opp i 1999. BUA Fjaler opna i mars 2019
Kontoret og BUA
Etter over 10 år på Dale senter, flytta kontoret i 2018 over på Samvirket / gamle Coopen i 2. høgda. Besøksadresse Dalsvegen 97. Velkomen innom!
Lik oss på facebook Fjaler frivilligsentral
Frivilligsentralar
Frivilligsentralar finst over heile landet, berre i Sogn og Fjordane er det no 21 sentralar. Dei næraste er Askvoll, Solund, Gulen og Gaular, Førde og Naustdal (= Sunnfjord kommune i 2020 inkl Jølster), Florø, og Vågsøy (= Kinn kommune frå 2020) , Eid og Selje (= Stad kommune frå 2020) Hornindal går over til Volda i 2020, Bremanger, Stryn, Gloppen, Høyanger, Årdal, Lærdal, og Sogndal og Leikanger (= Sogndal kommune i 2020 inkl Balestrand),