Fiske

 Generelle lover og regler

  • Rettigheitene til fiske ligg i dei aller fleste tilfelle hos grunneigaren
  • Rettigheitshavar gjev løyve/sel fiskekort
  • Ein treng ikkje betale fiskeravgift for å fiske i ferskvann, berre lokalt fiskekort eller løyve frå grunneiger/ fiskerettshavar
  • Alle over 16 år må løyse fiskeravgift til staten om dei ønskjer fiske i vassdrag med anadrom laksefisk (laks, sjøørret og sjørøye). Fiskeravgift kan betalast på nettet.
  • Barn under 16 år fiskar gratis i perioden 1. januar til 20. august unnateke i vassdrag med anadrom laksefisk
  • Alt fiske i saltvann med stong og håndsnøre er gratis

I Storelva i Dale

er fisketida 15.06. til og med 31.08.

Ein kan kjøpe døgnkort på Sportsbutikken i Dale senter. For medlemar av Fjaler Jegar- og sportsfiskarlag er døgnprisen kr. 60,- og for andre er prisen kr. 100,-.Kontaktperson for kortsal i Fjaler jegar- og sportsfiskarlag: John Kåre Myklebust

I Flekke/ Guddalsvassdraget

er fisketida for anadrom laksefisk 01.06. - 31.08.

Vassdraget er delt inn i fire sonar 1) Flekke 2) Loneland til Harefossen 3) alle vatna og 4) frå Harefossen og heilt opp til fjellvatna. For sone 1, 3 og 4 kan fiskekort kjøpast på www.inatur.no  der du søkjer deg fram til Flekke/ Guddalsvassdraget. For sone 2 kan fiskekort kjøpast hos Ola Kjell Loneland.

Andre soner

Utanom dei nemnde sonene må du ha løyve frå grunneigar for å fiske. Kontakt difor grunneigar direkte.

For å fiske i lakseførande vassdrag må ein ha betalt fiskeravgift.

Innbetaling kan skje på: http://fiskeravgift.dirnat.no .

 

 

Flyfishing-Dale - Klikk for stort bilete

Publisert av Margrete Reisæter. Sist endra 25.02.2015 23:13 av Reisæter, Margrete
 
 
Login for redigering