Fjaler folkebibliotek

Klikk for stort bilete

Biblioteket finn du i 1. etasje i Fjalerhuset, og det er ein fin møteplass for små og store, unge og eldre. I vestibylen kan ein lese aviser og tidsskrift. Det er og høve til å bruke datamaskinene på biblioteket.

Sommarles

 

Klikk for stort bilete

I år er vi med i den nettbaserte lesekampanjen sommarles.no. Går du i første til sjuande klasse kan du du skrive inn kva bøker du har lest i sommar. Få flotte premiar og les ei historie som berre dei som er med i sommarles har tilgang til. Er det vanskeleg med internett kan du komme innom biblioteket og få eit fysisk lesepass.

Eg skulle så gjerne hatt tak i...

Biblioteksamlinga inneheld bøker, lydbøker og film og tidsskrift. Du kan sjølv finne fram i websøket vårt. Har vi ikkje det du leitar etter, kan vi bestille frå andre bibliotek.

I vårt nasjonale boksøk kan du sjølv søkje etter titlar på biblioteka i heile landet. Her må du ha nasjonalt lånekort som biblioteket ditt kan skaffe deg.
 

Opningstider:

Opningstider Fjaler folkebibliotek
Fjaler folkebibliotek Dag Tid
Biblioteket, Fjalerhuset Tysdag og fredag 10.00 - 15.30
Torsdag 13.00 - 19.00
Den fyrste laurdagen i kvar månad 10:00 - 15:00

Kvar tysdag mellom klokka 17:00 og 19:00 kan ein komme innom og få datahjelp.

Biblioteket vil være sommerstengt i veke 31 og 32 (29. Juli - 11. August)

Kontakt oss:

Epost: Biblioteket@fjaler.kommune.no

Telefon: 57 73 80 17