Biblioteket

Biblioteket.jpg - Klikk for stort bilete

Fjaler folkebibliotek

Biblioteket finn du i 1. etasje i Fjalerhuset, og det er ein fin møteplass for små og store, unge og eldre. I vestibylen kan ein lese aviser, tidsskrift og følgje med på det som skjer i det offentlege, i postlister og formannskaps- og kommunestyrepapir. Det er og høve til å bruke datamaskinene på biblioteket.

Første måndag i mnd frå kl 10.00 - 11.30 er det seniorsurf på biblioteket.

 

Eg skulle så gjerne hatt tak i...

Biblioteksamlinga inneheld bøker, lydbøker og film og tidsskrift. Du kan sjølv finne fram i websøket vårt. Har vi ikkje det du leitar etter, kan vi bestille frå andre bibliotek.

I samsøkbiblioteka kan du sjølv søkje etter titlar på biblioteka i heile landet. Her må du ha nasjonalt lånekort som biblioteket ditt kan skaffe deg.

Biblioteka arbeider etter Lov om folkebibliotek, lov nr. 108 av 20. desember 1985

Opningstider Fjaler folkebibliotek
Fjaler folkebibliotekDagTid
Biblioteket, FjalerhusetTysdag og fredag10.00 - 15.30
Torsdag13.00 - 19.00

 

 

Publisert av Margrete Reisæter. Sist endra 15.08.2016 10:12 av Ulvik, Elin Ullebø
 
 
Login for redigering