Kultur, idrett og fritid

Lys i gamle hus 2012 - Klikk for stort bilete

Kultur for alle

Kulturaktivitetar legg grunnlag for viktige sosiale møtestader, og medverkar i stor grad til innbyggarane sin trivsel. Kulturkontoret skal vere ein pådrivar og rettleiar for å nå dette målet.

Kulturkontoret i Fjaler inkluderer også folkebiblioteket og Frivilligsentralen. Samla arbeider vi for eit rikt og mangfaldig kulturliv i eitt breitt spekter:

  • Skape møteplassar for kultur og fritid
  • Samarbeid med det frivillige kulturlivet gjennom tilskot, driftsavtalar, marknadsføring, arrangementsutvikling og utleige av lokale
  • Kunst og kulturformidling - forfattarbesøk, teater, konsertar
  • Tilrettelegge for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
  • Informasjonsteneste
  • Koordinere og stimulere til frivillig innsats på tvers av fagområda
  • Tiltak for barn og ungdom er prioritert

Hovudbiblioteket er i 1. høgda og kulturleiaren har kontor i 3. høgda på Fjalerhuset medan Frivilligsentralen finn du i 3. høgda på Dale senter.

Publisert av Margrete Reisæter. Ansvarleg Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 26.02.2015 14:06 av Ulvik, Elin Ullebø
 
 
Login for redigering