Kor lenge kan eg få korttidsopphald?
Dette varierar etter individuelle behov. Før utskriving vil spørsmål om eventuell forlenging bli drøfta.
Korleis søkjer eg?
Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må søkje skriftleg. Det er eit eige søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Gå til søknadsskjema > (PDF, 58 kB)
Søknaden skal sendast til
Fjaler kommune, v/ mottakskontoret, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.
Søknadane vert handsama fortløpande.
Kva kostar korttidsopphald?
Sjå kommunale betalingssatsar for bistand og omsorgstenester