Demensgruppe i Fjaler

Demensgruppa i Fjaler er tverrfagleg og sett saman av sjukepleiarar frå dei aktuelle arbeidslaga og ergoterapeut.

Tre og foss - Klikk for stort bilete Mål

Målet er å kome tidleg i gang med å utgreie personar som kan ha demens. Ved å kome fram til ein diagnose, vil ein og utelukke annan sjukdom og det vil gi moglegheit til å starte med tiltak både for brukar og pårørande. Det finst medikament som kan senke utviklinga av sjukdommen. Dagsenter, heimesjukepleie, praktisk hjelp i heimen eller korttidsopphald på sjukeheim kan vera aktuelle tiltak å søkje om.

 

Korleis ta kontakt?

Demensgruppa skal vera eit lågterskeltilbod, noko som vil seie at du kan ta direkte kontakt med oss. Alternativt kan du kontakte fastlegen som kan formidle vidare til demensgruppa.

 

Arbeidet i gruppa

Gruppa tar kontakt med pårørande og avtalar eit heimebesøk der brukar, pårørande, ergoterapeut og sjukepleiar er med. På desse heimebesøka pratar ein frå gruppa med brukar og ein annan med pårørande. Gjennom samtale med brukar vert det mellom anna gjennomført kognitiv kartlegging, samt at ein har ein gjennomgang på tryggleik i heimen. Saman med pårørande vert det snakka om både brukar sin funksjon og pårørande sin situasjon.

 

Kartleggingsverktøyet demensgruppa brukar er utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens: Demensutredning i kommunehelsetjeneste.

 

I etterkant vert det skrive ein rapport som vert sendt til fastlege saman med kartleggingsskjema. Brukar, saman med pårørande, vert oppmoda om å bestille time hjå legen. Det er legen som stiller diagnosen.

 

Dersom ynskjeleg vil gruppa vil følgje opp med å kontakte brukar og pårørande ein gang kvar 6. månad, eller etter avtale. Ein kan då høyre korleis det går og om det er ynskje om eit nytt heimebesøk.

 

Ta gjerne kontakt.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Demenslinjen tlf.: 815 33 032 (Nasjonalforeningen for Folkehelsen)

Publisert av Kårhild Hustveit. Ansvarleg Katrine Johannessen Field. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering