Psykisk helse

Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yt hjelp ut frå individuelle behov, ressursar og mål. Målsetjinga for tenesta er å styrke evna til å verte sjølvstendig og kunne meistre eige liv.

 

Jonsok - Klikk for stort bilete

Arbeidslag 4 er samansett av barnevernspedagog, sjukepleiarar og fagarbeidarar, med ulik grad av vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.

Tenesta kan mellom anna tilby:

* Informasjon og rettleiing i høve psykisk helse

* Kartlegging av situasjonen

* Individuelle samtaler

* Hjelp til å organisere kvardagen

 

Det er ikkje eigenbetaling for psykiske helsetenester. Du kan kontakte arbeidslag 4 direkte på telefonnummer 57 73 81 06, eller nytte eige søknadsskjema.