Rustenesta i Fjaler kommune er eit lavterskeltilbod der ein kan ta kontakt dersom ein ønskjer råd og rettleiing. Tilbodet er gratis og uforpliktande, du treng ikkje søkje for å ha rett til bistand. Vi har teieplikt.
Kven kan ta kontakt med rustenesta?
- Rusavhengige
- Personar som lurer på om dei har eit avhengigheitsproblem
- Pårørande
- Born som pårørande
- Fagpersonar/andre einingar
Rustenesta kan mellom anna tilby:
- Råd og rettleing til rusavhengige, pårørande og andre fagpersonar/einingar
- Koordinering av tenestetilbod
- Støttesamtalar
- Oppfølging før, under og etter behandling
Pakkeforløp psykisk helse og rus
Pakkeforløpa introduserer ingen nye rettar eller plikter, men skal bidra til å setje god praksis i system. Pakkeforløpa er forankra nasjonalt, dei er utarbeidd av breitt samansette arbeidsgrupper med brei involvering i høyringsrundane.
Kva er eit pakkeforløp?
Pakkeforløp er nasjonale, normerande forløp for utgreiing og behandling av ulike tilstander. Det skildrar eit pasientforløp i heilskap utan unødig ventetid. Forløpa byggjer på nasjonale og internasjonale faglege retningsliner for utgreiing og behandling.
Her er lenkje til meir informasjon om pakkeforløp psykisk helse og rus.
Kontakt oss
Sist endra 30.12.2021 13.36