Psykisk helse

Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yt hjelp ut frå individuelle behov, ressursar og mål. Målsetjinga for tenesta er å styrke evna til å verte sjølvstendig og kunne meistre eige liv.
 

Psykisk helse er samansett av barnevernspedagog, sjukepleiarar og fagarbeidarar, med ulik grad av vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.
 

Tenesta kan mellom anna tilby:

* Informasjon og rettleiing i høve psykisk helse

* Kartlegging av situasjonen

* Individuelle samtaler

* Hjelp til å organisere kvardagen
 

Slik søker du

Du kan ta direke kontakt med psykisk helseteneste, eller du bruker søknadskjema for helse- og omsorgstenester.

Her finn du søknadsskjema

 

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for psykiske helsetenester.
 

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløpa introduserer ingen nye rettar eller plikter, men skal bidra til å setje god praksis i system. Pakkeforløpa er forankra nasjonalt, dei er utarbeidd av breitt samansette arbeidsgrupper med brei involvering i høyringsrundane.

Kva er eit pakkeforløp?
Pakkeforløp er nasjonale, normerande forløp for utgreiing og behandling av ulike tilstander. Det skildrar eit pasientforløp i heilskap utan unødig ventetid. Forløpa byggjer på nasjonale og internasjonale faglege retningsliner for utgreiing og behandling.

Her er lenkje til meir informasjon om pakkeforløp psykisk helse og rus.

 

Kontakt oss

  • Fagansvarleg psykisk helseteneste, telefon 917 63 802
  • Vakttelefon dag og kveld for psykisk helseteneste, telefon 913 676 47
Fagansvarleg Psykisk helse
  • Tlf: 917 63 802
  • Mob: 917 63 802
  • E-post: