Vaksinering

Her finn du informasjon om grunnvaksinasjon og oppfriskingsdose. Koronavaksine er gratis.

Folkehelseinstituttet anbefalar ei ny oppfriskingsdose for følgande målgrupper:

  • Sjukeheimsbebuarar og personar 75 år og eldre
  • Personar 65 – 74 år og personar i aldersgruppa 18 – 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdom av covid-19
     

Merk deg følgande:

  • Oppfriskingdose kan tilbys tidligast 20 veker etter siste vaksinedose.
  • Tidsintervall frå gjennomgått covid-19 infeksjon til oppfriskingdose bør vere minimum 3 veker.
     

Tidspunkt for vaksinering

Vi er i gang med vaksinering av sjukeheimsbebuarar, bebuarar i omsorgsbustad og til innbyggarar i gruppa 75 og eldre med tenester frå heimetenesta då dei skal prioriterast.

For andre innbyggarar i dei 2 prioriterte gruppene er det lagt ut timar for bestilling til vaksinering:

  • Torsdag 18. august 2022
     

Slik bestiller du time: 

Du bestiller time sjølv ved å logge inn med banki-d på Remin:

Bestill time til vaksinering på remin.no/fjaler

 

Informasjon og samtykke ved vaksinering av barn

 

Koronavaksinasjonsprogrammet

Sjå Informasjon om Koronavaksinasjonsprogrammet finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider

 

Avbestilling eller endring av time:

Ynskjer du å avbestille eller endre timen, må du kontakte Fjaler kommune på sentralbordet 57 73 80 00 (kvardagar mellom 09 og 14).
 

Treng du hjelp til å bestille time?

Har du ikkje bank-id eller av andre grunnar treng hjelp til å bestille time kan du ringe Fjaler kommune på sentralbordet 57 73 80 00  (kvardagar mellom 09 og 14).

Janne Øksenberg
Leiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 54
Heidi Roos
Leiar helseteneste
E-post
Telefon 57 73 81 20