Praktisk bistand

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker treng praktisk hjelp for å klare dei daglege gjeremål i heimen.

Praktisk bistand kan omfatte reingjering av rom som dagleg er i bruk, skifte av sengetøy, oppvask, stell og vask av tøy, måltid, handle etter handleliste.

Praktisk bistand omfattar ikkje følgjande oppgåver:

  • Storreingjering
  • Vask av vindauge
  • Reingjering i helgar
  • Risting av store, tunge golvtepper
  • Rydding og vasking av rom som berre vert nytta av andre i familien eller gjestar
  • Tøyvask for hand
  • Pussing av sølv, kopar og messing
  • Baking
  • Skifte gardiner
  • Hagearbeid, snømåking, hogging og bering av ved
  • Reingjering etter husdyr
  • Flytting

Korleis søkjer eg?

Du må opphalde deg i kommunen. Søknadsskjemaet finn du her:

 

Du kan og få søknadsskjemaet på sørviskontoret og på mottakskontoret på sjukeheimen.

Søknaden sendast til

Fjaler kommune, v/ mottakskontoret, Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord.

Kva må eg betale for praktisk bistand?

Kommunestyret fastset betalingssatsane for praktisk bistand. Satsane er regulert etter inntekt i husstanden,  og det er grunnbeløpet i folketrygda som er utgangspunktet for betalingssatsane.