Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei teneste som vert ytt i heimen hjå brukaren. Målgruppa er eldre og/eller sterkt funksjonshemma og/eller sjuke som ikke klarar seg på eiga hand.

  • Heimesjukepleie kan omfatte: 
  • tilsyn (via telefon eller heimebesøk)
  • medikament
  • hjelp til personleg hygiene
  • hjelp til ernæring
  • sårstell

Korleis søkjer eg?

Du må opphalde deg i kommunen. Søknadsskjemaet finn du her:

Søknadsskjema

Du kan og få søknadsskjemaet på sørviskontoret og på mottakskontoret på sjukeheimen.

Søknaden sendast til

Fjaler kommune, v/ mottakskontoret, Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord.

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for heimesjukepleie.