Heimehjelp

Heimehjelp (praktisk bistand) er eit tilbod til deg som grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker treng praktisk hjelp for å klare dei daglege gjeremål i heimen.

 

Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som dagleg er i bruk, skifte av sengetøy, oppvask, stell og vask av tøy, måltid, ærend.

Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål, kan du søkje om heimehjelp.

Spaserstokkar - Klikk for stort bilete

Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderar

  • Storreingjering
  • Vask av vindauge
  • Reingjering i helgar
  • Risting av store, tunge golvtepper
  • Rydding og vasking av rom som berre vert nytta av andre i familien eller gjestar
  • Tøyvask for hand
  • Pussing av sølv, kobbar og messing
  • Baking
  • Skifte gardiner
  • Hagearbeid, snømåking, vedhogging- og bering
  • Husdyrhald
  • Flytting

 

Korleis søkjer eg?

Du må bu eller opphalde deg i kommunen. Det er eit eige søknadsskjema for søknad om kommunale helse- og sosialtenester.

 

Søk om heimehjelp > (PDF, 58 kB)

 

Du kan og få søknadsskjemaet på sørviskontoret og på mottakskontoret på sjukeheimen.

Søknaden sendast til

Fjaler kommune, v/ mottakskontoret, postboks 54, 6961 Dale i Sunnfjord.

 

Kva må eg betale for heimehjelp?

Kommunestyret fastset betalingssatsane for heimehjelp. Satsane er regulert etter inntekt i husstanden,  og det er grunnbeløpet i folketrygda som er utgangspunktet for betalingssatsane.

Betalingssatsar for praktisk bistand
Betalingssatsar for praktisk bistand
Antall GTimeprisMakspris pr månad
Inntil 1 G00
Inntil 2 G190190
2-3 G250,-1 645,-
3-4 G2502 098,-
4-5 G250,-2 418
Over 5 G250,-2 725
Publisert av Elin Ulvik Ullebø. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering