Helsestasjon

Helsestasjonen arbeider med helsestasjonsteneste for barn 0-6 år, skulehelseteneste, helsestajon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste.

Vi er å finne på Helsetunet, i underetasjen - samme bygg som Fjaler sjukeheim. Parkering og inngang på nordsida (mot fjorden).

Det er to helsesøstre , ei jordmor og ein lege tilknytt til helsestasjonen. Lege er tilstades kvar tysdag.

 

Tenester helsestasjonen tilbyr

  • barnevaksinasjon
  • helseundersøkingar
  • førebyggjande psykososialt arbeid
  • rettleiing om helse
  • informasjon om utvikling hos barn
  • rettleiing om kosthald
  • heimebesøk
  • samarbeid om habilitering av barn og unge

 

Jordmorteneste

Tenesta gjer tilbod om omsorg rundt graviditet og fødsel. Jordmor samarbeider i hovudsak med lege og helsesøster. Jordmor er å treffe kvar onsdag.
 

Ny app til gravide og småbarnsforeldre

Helsestasjon- og jordmortenesta i Fjaler har teke i bruk appen Helseoversikt. Dette er ei løysing som gjev gravide og småbarnsforeldre trygg og relevant helseinformasjon frå kvalitetssikre kjelder.

Last ned appen i dag ved å søke Helseoversikt i App Store eller Google Play. Appen er gratis.  

Ved spørsmål ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor.

 

Helsetenesta for ungdom

Ungdom frå 13-20 år

I skuleåret det er mogleg å treffe helsesøster utan time bestilling. Helsesøster er å treffe på skulane fylgjande:

  • Dale vidaregåande skule om onsdagane
  • Fjaler ungdomsskule om onsdagane
  • Våge skule annakvar måndag (oddetalsveke)

Det er også mogleg å «stikke innom» eller  ringe og bestille time på helsestasjon. Ungdom kan få råd og rettleiing blant anna om seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Helsesøster kan hjelpe å ordne kontakt med lege om ynskeleg.

 

Kontakt oss

Fagansvaleg helsesjukepleiar:
Bente Gunn Melheim, telefonnummer 977 42 854
Helsestasjon 0-5 år:
Elin Heggheim Møller, telefonnummer 404 15 735
Skulehelsetenesta:
Signe Norddal Bjørvik, telefonnummer 477 98 781
Jordmor:
Toril M. Myklebust, telefonnummer 906 62 012

Fagansvarleg helsesjukepleiar
  • Tlf: 57738112
  • Mob: 97742854
  • E-post: