Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Psykolog

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 Inger Anne Nordbøe er tilsett som psykolog i Fjaler kommune i eining helsetenesta. Ho har 50% stilling i kommunen.

Psykologen skal samarbeide tett med fastlegane og helsestasjonen. Om innbyggarane ynsker kontakt med psykologen, ta kontakt med helsestasjon eller fastlege som kan gjere ei vurdering og formidle kontakt vidare til psykologen. I fyrste omgang vil ho ha fokus på born og unge opp til 20 år.

Psykologen skal samarbeide tverrfagleg med andre yrkergrupper gjennom til dømes rettleiing og samarbeidsmøter. Ho vil og ta imot klientar individuelt for avklaring og eventuelt behandling innanfor eit begrensa timetal.

Kontortid i Fjaler er kvar måndag og tysdag, og i tillegg anna kvar fredag i partalsveker.

Viss du treng rask eller akutt hjelp, ta kontakt med fastlege eller legevakt.