Det er tre helsesjukepleiarar, ei jordmor og ein lege tilknytt til helsestasjonen. Lege er tilstades kvar tysdag.
Ungdom i alderen 13-20 år er velkomen til Helsestasjon for ungdom på Fjaler helsestasjon tysdagar frå kl.14-15.30
Tenester helsestasjonen tilbyr
- barnevaksinasjon
- helseundersøkingar
- førebyggjande psykososialt arbeid
- rettleiing om helse
- informasjon om utvikling hos barn
- rettleiing om kosthald
- heimebesøk
- samarbeid om habilitering av barn og unge
Jordmorteneste
Jordmor tilbyr omsorg rundt graviditet og fødsel. Jordmor samarbeider i hovudsak med lege og helsesjukepleiar. Jordmor er å treffe kvar måndag og onsdag, i tillegg til annakvar fredag i partalsveker.
Ny app til gravide og småbarnsforeldre
Helsestasjon- og jordmortenesta i Fjaler har teke i bruk appen Helseoversikt. Dette er ei løysing som gjev gravide og småbarnsforeldre trygg og relevant helseinformasjon frå kvalitetssikre kjelder.
Last ned appen i dag ved å søke Helseoversikt i App Store eller Google Play. Appen er gratis.
Ved spørsmål ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor.
Skulehelseteneste
I skuleåret det er mogleg å treffe helsesjukepleiar utan time bestilling. Helsesjukepleiar er å treffe på skulane følgjande dagar::
- Dale vidaregåande skule kvar onsdag
- Dingemoen skule kvar onsdag
- Fjaler ungdomsskule kvar tysdag
- Våge skule annakvar måndag (oddetalsveke)
- Flekke skule og barnehage annakvar måndag (partalsveker)
Det er også mogleg å «stikke innom» eller ringe og bestille time på helsestasjon. Ungdom kan få råd og rettleiing blant anna om seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Helsesjukepleiar kan hjelpe å ordne kontakt med lege om ynskeleg.
Kontakt oss
Fagansvaleg helsesjukepleiar:
Bente Gunn Melheim, telefonnummer 577 38 112 / 977 42 854
Helsesjukepleiarar:
Elin Heggheim Møller, telefonnummer 577 38 122 / 404 15 735
Signe Norddal Bjørvik, telefonnummer 577 38 111 / 477 98 781
Jordmor:
Toril M. Myklebust, telefonnummer 577 38 121 / 906 62 012