Koronavirus covid-19

Koronastatus for Fjaler 

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Spørsmål om Koronavirus?

  • Nasjonale publikumstelefonen 815 55 015
  • Lokal telefonteneste 976 89 290, kvardagar frå 09.00 - 14.00
 

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm kan verte tildelt den som har behov for å kunne tilkalle hjelp på ein enkel og trygg måte, og som ikkje har høve til å tilkalle hjelp på anna vis.

Tenesta er knytt opp mot Alarmsentralen i Sogn og fjordane. Tryggleiksalarmen har eit eige sim-kort. Det betyr at du ikkje treng hustelefon eller mobiltelefon for å ha alarm, men det er ein fordel om du har ein av delane (det gjer det lettare å få kontakt med deg).

Tenesta koster 250 kroner i månaden.
Tenesta vert fakturert frå oppkoblingsdato og ut månaden ved nedkobling.

Det kan verte mogeleg å koble anna type velferdsteknologi til tryggleiksalarmen med tida.

Du sender søknadsskjema til Fjaler kommune v/mottakskontoret, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.