Praktisk bistandPraktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker treng praktisk hjelp for å klare dei daglege gjeremål i heimen.Praktisk bistand kan omfatte reingjering av rom som dagleg er i bruk, skifte av sengetøy, oppvask, stell og vask av tøy, måltid, handle etter handleliste.Praktisk bistand omfattar ikkje følgjande oppgåver: Storreingjering Vask av vindauge Reingjering i helgar Risting av store, tunge golvtepper Rydding og vasking av rom som berre vert nytta av andre i familien eller gjestar Tøyvask for hand Pussing av sølv, kopar og messing Baking Skifte gardiner Hagearbeid, snømåking, hogging og bering av ved Reingjering etter husdyr FlyttingKorleis søkjer eg?Du må opphalde deg i kommunen. Søknadsskjemaet finn du her:Søknadsskjema Du kan og få søknadsskjemaet på Kommunehuset eller på tenestekontoret på sjukeheimen.Send søknad tilFjaler kommuneHelse- og omsorgDalsvegen 816963 Dale i SunnfjordKva må eg betale for praktisk bistand?Kommunestyret fastset betalingssatsane for praktisk bistand. Satsane er regulert etter inntekt i husstanden, og det er grunnbeløpet i folketrygda som er utgangspunktet for betalingssatsane.Prisliste for kommunale tenester Sist endra04.01.2021 11.01