Koronavirus covid-19

Koronastatus for Fjaler 

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Spørsmål om Koronavirus?

  • Nasjonale publikumstelefonen 815 55 015
  • Lokal telefonteneste 976 89 290, kvardagar frå 09.00 - 14.00
 

Matombering

Middag på fat - Klikk for stort bilete

Matombering er ei teneste der du får middag levert heim. Tenesta er for deg som grunna funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker har behov for hjelp til å ivareta eit næringsrikt kosthald. Det er ein fordel om du har mikrobølgeovn. Måltida vert leverte på faste dagar (to gonger i veka) til tenestemottakarar i kommunen.

Kommunestyret fastset betalingssatsane for matombering.

Middag - Klikk for stort bilete

Kva får du?

Middag og dessert vert laga på kjøkkenet på sjukeheimen. Måltidet inneheld god og næringsrik kost, og det blir tatt omsyn til ulike diettar om det er naudsynt. Middagen blir vakuumpakka og vert levert kvar tysdag og fredag.

Slik søker du

Du kan ta direkte kontakt med Tenestekontoret eller du kan sende ein skriftleg søknad. 

Søknadsskjema

Kva kostar tenesta?

Matombering halv porsjon: 65 kroner
Matombering vanleg porsjon: 75 kroner
Matombering stor porsjon: 85 kroner
Suppe/graut: 45 kroner
Suppe/graut halv porsjon: 35 kroner
Prisane inkluderar dessert og utkøyring.