Kvardagsrehabilitering er eit tiltak for deg som ikkje meistrer kvardagen som før. Det kan gjelde personleg stell, matlaging, reinhald, deltaking i sosiale samanhengar eller andre daglege aktivitetar. Rehabiliteringa skjer i eigen heim og nærmiljø.
Målet for kvardagsrehabilitering er å:
- Auke livskvalitet og meistring
- Redusere og utsetje behovet ditt for meir omfattande kommunale tenester
- Leggje til rette for at ein kan bu lengre heime
Krav til søkjar:
- Har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall
- Er motivert for å endra sin eigen situasjon og bli meir aktiv
- Kan ta imot instruksjon, og er interessert i å trene i eigen heim og nærmiljø.
- Bur heime
Korleis føregår rehabilitering i heimen?
- Eit tverrfagleg team med fysioterapeut, ergoterapeut og heimetenesta gjer ei systematisk kartlegging.
- Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det du synest er viktig å meistre i kvardagen. For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.
Korleis søkjer eg?
Du må opphalde deg i kommunen. Søknadsskjemaet finn du under
Søknadsskjema
Du kan og få søknadsskjemaet på kommunehuset eller på tenestekontoret på sjukeheimen.
Send søknad til
Fjaler kommune
Helse- og omsorg
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord
Kva kostar tenesta?
Tilbod om rehabilitering i heimen er gratis.
Sist endra 23.07.2021 13.24