Kreftomsorg i Fjaler kommuneFjaler kommune har kreftksjukepleiar tilsett i 30% stilling. Kreftomsorga i kommunen er eit lågterskeltilbod, der både pasient og pårørande kan ta direkte kontakt. Kreftsjukepleiar kan kontaktast i alle fasar av kreftsjukdomen.Kreftsjukepleiar og ressurssjukepleiar er fagpersonar som: kan reise på heimebesøk har tid til å lytte kan vere ein ressursperson for den kreftramma og deira pårørande kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt kan hjelpe å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte kan kartlegge den enkelte sine behov er ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande har oversikt over relevante tilbod og tenester som kan passe for deg og dine pårørande skal bidra til gode rutiner og system for kreftomsorg i kommunenKorleis komme i kontakt med kreftsjukepleiar/ressurssjukepleiarDu kan ta kontakt sjølv eller be legen din, sjukehuset eller andre om å formidle kontakt. Pallativt rom i Fjaler kommuneKommunen har eit rom ved Fjaler sjukeheim for personar med behov for lindrande behandling. Eit slik rom kan nyttast ved alvorleg sjukdom eller i livets sluttfase, og er tilrettelagt for at pårørande kan vere med under opphaldet. Kontakt oss:Kreftsjukepleiar/ressurssjukepleiarCharlotte BjørvikTelefon: 57 73 81 53 / 952 55 930Tenestekontoret ved Fjaler sjukeheimTelefon: 57 73 81 26 Sist endra02.02.2021 10.35