Hjelpemiddelformidling

Fysioterapitenesta har ansvar for formidling av kommunale hjelpemiddel for korttidsutlån og NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane sine hjelpemiddel for varig utlån.

Krykker som hjelpemiddel - Klikk for stort bilete Korttidslån

Ved akutt skade eller sjukdom kan du få ei mellombels nedsett funksjonsevne der du kan ha bruk for enkle hjelpemiddel. Dei mest vanlege hjelpemiddel ved slike høve har kommunen på eit lokalt lager ved Helsetunet, i underetasjen - same bygg som Fjaler sjukeheim - parkering og inngang på nordsida (mot fjorden).

Innanfor normal arbeidstid kan du vende seg til tilsette i fysioterapitenesta, eventuelt ringje Sørviskontoret dersom du treng slike hjelpemiddel. På kveldstid eller helg kan du vende seg til personalet ved Fjaler sjukeheim.

Langtidslån

Dersom du har behov for varig utlån av tekniske hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral i Sogn og Fjordane, kan du få hjelp av tilsette ved fysioterapitenesta i Fjaler til å finne fram til rett hjelpemiddel og å søke om utlån. Dei som hjelper deg i denne prosessen har og eit ansvar for å følgje opp opplæring og tilpassing av hjelpemiddelet.

Du kan også vende deg til kommunen dersom det oppstår feil eller skade på hjelpemidla du har utlånt.

 

 

Det finst eit stort utval av tekniske hjelpemiddel til bruk ved:

- nedsett rørsleevne eller forflytning

- nedsett syn

- nedsett hørsel

- nedsett hukommelse eller behov for varsling

- hjelpemiddel for menneske med psykiske lidingar

- hjelpemiddel for menneske md psykisk utviklingshemming

 

Ein kan få hjelpemiddel til bruk i dagleglivet, til bruk i skule eller på arbeidsplass eller for å vere aktivt deltakande og hindre sosial isolasjon. Funksjonshemma barn og unge under 26 år kan og få hjelpemidlar til trening.

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Ivar Vårdal. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering