Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Fysioterapi - behandling og opptrening

Ved Fysioterapitenesta i Fjaler kan ein ved naudsynt behov for helsehjelp nytte seg av fysikalsk behandling, opptrening og rehabilitering.

Ein kan ta direkte kontakt med tenesta og få oppfølging utan å ha med rekvisisjon frå fastlege. Både fastlegar og legar frå spesialtenesta vil framleis ha høve til å sende rekvisisjon til Fysioterapitenesta i Fjaler.
 

Tenestene våre

Fysioterapeutane våre gjer deg individuell undersøking, behandling og opptrening etter anerkjende fysioterapimetodar. Vi legg vekt på at du skal få god informasjon slik at du kan vere aktiv og deltakande og får gode føresetnader for å gjere eigne val i høve sjukdom/skade og livssituasjon.

Våre terapeutar er no, etter samhandlingsreforma, mykje delaktig i rehabilitering/ opptreningsfasen til pasientar etter at dei er utskrivne frå sjukehus og når dei treng hjelp til å få løfta sitt funksjonsnivå.
ytterlegare for å komme tilbake til sine daglege aktivitetar.
 

Takstar/frikort

Om ein ikkje har fritak for eigenandel eller har oppnådd frikort 2, gjeld følgande takstar (PDF, 261 kB).

Eigenandel for Frikort 2 er 2176 kroner.

Kontakt oss

Vi er å finne i underetasjen på Fjaler helsetun med inngang frå Nord (fjordsida).

Kontakt oss på telefonnummer 57738115, eller sjå kontaktinformasjon til fysioterapeutane