Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Fjaler frisklivssentral

Fjaler Frisklivssentral er ein del av kommunen sitt tilbod innan helsefremmande og førebyggande tenester. Vi vil støtte deg som ynskjer å endre levevanar og førebyggje livsstilsjukdommar innan tema som kosthald, fysisk aktivitet, søvnproblem og røyke/snus-slutt.  

Målgruppe

Fjaler Frisklivssentral har som mål å nå personar som står i fare for å utvikle, eller allereie har sjukdommar, som kan skuldast sider ved eigen livsstil. Ved bruk av helsesamtale og ulike aktivitetar og kurs er frisklivssentralen eit tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess.

Kva tilbod får eg?

Første besøk er ein helsesamtale der vi kartlegg behov og motivasjon for endring. Så vert vi einige om kva tiltak som kan vere aktuelle. Det kan vere individuelle tiltak eller gruppetiltak. Tilboda ved frisklivssentralen er for ein avgrensa periode, då målet er at brukarane sjølv skal meistre livsstilsendring på sikt. Vi kan hjelpe deg på veg for ei betre helse!

Korleis ta kontakt

Du kan ta direkte kontakt med oss, eller du kan be fastlegen, NAV eller tannhelsetenesta om ei tilvising.

Ynskjer du meir informasjon eller har du spørsmål?  Sjekk ut sida vår på facebook.

Du finn oss på Helsetunet, i underetasjen - samme bygg som Fjaler sjukeheim. Parkering og inngang på nordsida (mot fjorden).  
 

Ergoterapeut/frisklivsentral
  • Tlf: 5773 8110
  • Mob: 90705003
  • E-post: