Du kan vere anonym
Du kan velje å vere anonym om du er privatperson. Barneverntenesta ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka større truverde.
Meldeplikt
Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar. Melding frå offentlege instansar skal vere skriftleg.
Les meir om meldeplikt her
Kva skjer vidare
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom meldinga ikkje gjev grunnlag for undersøking.
Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbar grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gi tilbakemelding.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for tiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.
Les meir om gangen i ei barnevernssak på Bufdir sine nettsider
Lover og foreskrifter