I Storelva i Dale
er fisketida 15.06. til og med 31.08.
Ein kan kjøpe døgnkort på Sportsbutikken i Dale senter. For medlemar av Fjaler Jegar- og sportsfiskarlag er døgnprisen kr. 60,- og for andre er prisen kr. 100,-.Kontaktperson for kortsal i Fjaler jegar- og sportsfiskarlag: John Kåre Myklebust.
I Flekke/ Guddalsvassdraget
er fisketida for anadrom laksefisk 01.06. - 31.08.
Vassdraget er delt inn i fire sonar 1) Flekke 2) Loneland til Harefossen 3) alle vatna og 4) frå Harefossen og heilt opp til fjellvatna. For sone 1, 3 og 4 kan fiskekort kjøpast på www.inatur.no der du søkjer deg fram til Flekke/ Guddalsvassdraget. For sone 2 kan fiskekort kjøpast hos Ola Kjell Loneland.
Andre soner
Utanom dei nemnde sonene må du ha løyve frå grunneigar for å fiske. Kontakt difor grunneigar direkte.
For å fiske i lakseførande vassdrag må ein ha betalt fiskeravgift.
Innbetaling kan skje på: www.fiskeravgift.miljodirektoratet.no/