Ved deling av grunneigedom vert ein del av eigedomen frådelt slik at denne delen vert ei eiga sjølvstendig eining med tildelt gards- og bruksnummer.
Ynskjer du å dele eigedomen din eller skilje ut ei tomt, må det søkjast om løyve til dette. Det er grunneigar/ heimelshavar som må søkje kommunen om løyve.
Dette må du sende til kommunen:
I tillegg må søknaden innehalde
- Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
- Dersom eigedomen treng ny avkøyrsel frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
- Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom det er aktuelt.
Det må vere gjeve løyve til frådeling før det vert halde kart- og delingsforretning (oppmåling) over den nye eigedomen. Det er kommunen som er ansvarleg for gjennomføring av kart- og delingsforretning.
Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler må og handsame saka etter jordlova. Kontakt landbruksforvaltninga for meir informasjon eller sjå tenester under landbruk Askvoll kommune.