Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

  • Ved positiv hurtigtest: Ring 46 81 29 60 for rådgjeving, kvardagar 08.00–20.00, helg 10.00–16.00. Ved positiv hurtigtest utanom opningstida, ber vi deg gå i isolasjon og kontakte nærkontaktar sånn at dei går i karantene. Ring smitteverntelefonen når den opnar for hjelp til vidare smittesporing
  • Vaksinespørsmål: Ring 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
  • Andre spørsmål om korona: Ring 97 69 74 37 (kvardagar 09.00–14.00)
 

Kommuneplan

Kommuneplanarbeidet i Fjaler omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel (vedteken i kommunestyret 10.02.2014), ein arealdel og ein kommunedelplan for Dale. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgaver i kommunen.

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som seier noko om korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande år, og denne skal reviderast årleg.


Planstrategi

Kommunal planstrategi skal vedtakast seinast eit år etter at nytt kommunestyre er konstituert. Føremålet er å få drøfta og få klargjort kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å leggje til rette for ønskja utvikling ikommunen.

Planstrategidokumentet drøftar utviklingstrekk i kommunen, og med bakgrunn i dette planbehovet i kommunestyreperioden. I kva grad det er behov for revisjon av kommuneplanen (samfunnsdel og arealdel) skal særskilt takast opp til vurdering.

Planstrategi for Fjaler kommune 2020 - 2024 (PDF, 2 MB)

Planstrategien for Fjaler 2020-2024 er vedteken med tilleggsframlegg som du kan lese i vedtak KOM-142/2

 

Samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2014 - 2025  

 

Kommunedelplan Dale

Plandokument for kommunedelplan Dale, vedteke i kommunestyremøte 07.09.2015

Arealdelen

I møte 02.12.2021 vedtok formannskapet i sak FOR-113/21 å legge kommuneplanen sin arealdel 2022-2034 ut til 3. gangs høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 15.02.2021.

Plandokumenta finn du her:

Plankart

Plankartet kan sjåast digitalt på www.kommunekart.com. Zoom inn på Fjaler kommune, trykk på «Kartlag» i øvre venstre hjørnet, merk av «Arealplan» og «Kommuneplanen sin arealdel 2020-2032» i menyen til høgre.


Dispensasjon frå plan

Det vil vere ein arealplan som gjeld for alle eigedomar i kommunen. Dette kan vere både kommuneplanen sin arealdel og regulerings-/ utybyggingsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan nyttast, og er juridisk bindande.

Om du ynskjer å bygge noko anna enn det planane legg opp til, må du derfor søkje om dispensasjon eller om endring av plan.
 

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplaner har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med moglegheit for medverknad frå naboar og både offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen.

Ein plan skal vere føreseieleg, slik at folk skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal derfor berre unntaksvis nyttast.
 

Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon dersom:

  • målet med arealplanen ikkje blir vesentleg sett til side, og
  • fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering og
  • dispensasjonar må heller ikkje undergrave planar som informasjons- og beslutningsgrunnlag.
     

Slik søkjer du

Dispensasjonssøknaden kan skrivast som eit vanleg brev. Nabovarsel og søknad om løyve til tiltak skal leggjast ved søknaden. Søknaden skal seie kva det dispenserast frå og innehalde ei grunngjeving for dispensasjon.

Nina Elise Hjartholm
Planleggar
E-post
Telefon 57 73 80 45
Connie Hovland
Kommunalsjef teknisk
E-post
Telefon 57 73 80 47