Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 10.00 - 14.00. 

 

Dispensasjon

Det vil vere ein arealplan som gjeld for alle eigedomar i kommunen. Dette kan vere både kommuneplanen sin arealdel og regulerings-/ utybyggingsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan nyttast, og er juridisk bindande.

Om du ynskjer å bygge noko anna enn det planane legg opp til, må du derfor søkje om dispensasjon eller om endring av plan.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplaner har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med moglegheit for medverknad frå naboar og både offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen.

Ein plan skal vere føreseieleg, slik at folk skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal derfor berre unntaksvis nyttast.


Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon dersom:

  • målet med arealplanen ikkje blir vesentleg sett til side, og
  • fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering og
  • dispensasjonar må heller ikkje undergrave planar som informasjons- og beslutningsgrunnlag.
     

Slik søkjer du

Dispensasjonssøknaden kan skrivast som eit vanleg brev. Nabovarsel og søknad om løyve til tiltak skal leggjast ved søknaden. Søknaden skal seie kva det dispenserast frå og innehalde ei grunngjeving for dispensasjon.

Nina Elise Hjartholm
Planleggar
E-post
Telefon 57 73 80 45