Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Deling av grunneigedom

Ved deling av grunneigedom vert ein del av eigedomen frådelt slik at denne delen vert ei eiga sjølvstendig eining med tildelt gards- og bruksnummer.

Ynskjer du å dele eigedomen din eller skilje ut ei tomt, må det søkjast om løyve til dette. Det er grunneigar/ heimelshavar som må søkje kommunen om løyve.

Dette må du sende til kommunen:

I tillegg må søknaden innehalde

  • Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
  • Dersom eigedomen treng ny avkøyrsel frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
  • Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom det er aktuelt.

Det må vere gjeve løyve til frådeling før det vert halde kart- og delingsforretning (oppmåling) over den nye eigedomen. Det er kommunen som er ansvarleg for gjennomføring av kart- og delingsforretning.

Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler må og handsame saka etter jordlova. Kontakt landbruksforvaltninga for meir informasjon eller sjå tenester under landbruk på www.Askvoll.kommune.no
 

Offentleg oppmåling av eigendom

Alle tomtar som vert godkjent frådelt skal oppmålast og det skal utarbeidast målebrev for eigedommen.

Dersom det er målebrev over eigedomen, så vert grensepunkt påvist og om naudsynt merka i samsvar med målebrevet.

Dersom det tidlegare kun er halde skylddelingsforretning på eigedomen, kan det haldast kartforretning over dei eksisterande grensene.

 

Grensejustering

Grensejustering vil seie å overføre mindre areal mellom to eller fleire eigedomar som har felles grense.

Grensejustering skal i hovudsak nyttast for å få meir hensiktsmessige grenser mellom naboeigedomar. Det er berre mindre areal som kan justerast. Det må gjennomførast oppmålingsforretning.


Vilkår

Partane må vere einige om justeringa.

  • Arealet for dei involverte eigedomane kan kun justerast med inntil 5 % av den minste eigedomen sitt areal
  • Maksimalt areal for grensejustering er sett til 500 m2
  • Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum (makebyte/fleire justeringar) overstig 20 % av arealet eigedomen hadde før justeringa
  • Verdien på eigedomen kan ikkje reduserast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp på 1G

Dersom areala er større enn dette må det søkast om arealoverføring eller frådeling av tilleggsareal.


Kva må sendast til kommunen?

  • Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning, kryssa av for grensejustering og signert av heimelshavarar for begge eigedomane.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som syner kva areal som skal overførast.
  • Eventuell verdivurdering for dei involverte eigedommane
     

Seksjonering av bygningar

Seksjonering av bygning kan nyttast for fleirbustadbygg eller bygg med mange næringsdelar.

Kva kan seksjonerast?

Seksjonering skal omfatte berre ein eigedom (eit bruksnummer). Dersom eit bygg er bygd over fleire eigedomsparsellar er det viktig å få samanføyd desse før seksjonering. Alle bygg med fleire bueiningar eller fleire næringseiningar kan i prinsippet seksjonerast. Seksjonering er likevel mest nyttig der kor eigedommen ikkje kan delast for å danne eigne eigedommar til kvar bygningsdel. 
 

Korleis gå fram?

Heimelshavar for eigedommen, utbyggar eller representant for denne kan sette fram begjæring om seksjonering for ein eigedom. Skjema kan hentast på teknisk kontor.

Lill Hege Olset
Ingeniør
E-post
Telefon 57 73 80 41