Dispensasjonar
Ved bruksendring av bygningar blir byggteknisk forskrift (TEK17) gjeldande. Det vil difor ofte vere nødvendig å søke om dispensasjon frå gjeldande tekniske krav til byggverk for å få godkjent ein eldre bustad som fritidsbustad. Det kan for eksempel vere energikrav (isolering). Som regel vil det likevel vere kurant å få ein slik dispensasjon innvilga.
Dersom eiendommen ikkje er satt av til fritidsføremål i kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan må det også søkjast om dispensasjon for dette. Slike dispensasjonssøknader krev høyring til regionale myndigheiter og politisk behandling. Saksbehandlingstida blir då lengre.
Kommuneplanens sin arealdel og reguleringsplanar ligg på kommunekart.com
Kryss av for aktuelle dispensasjonar i søknaden. Søknaden om dispensasjon må også grunngjevast i eige vedlegg til byggesøknaden.
Krav til søknaden
Du kan lage digital byggesøknad via dibk.no. Du kan og sende digitalt nabovarsel gjennom løysinga til Norkart.
Du kan og bruke ordinære byggesaksskjema. Skjema i lista under fyllast ut og sendast til Fjaler kommune.
- 5174 - Søknad om løyve til tiltak
- 5175 - Opplysningar om tiltakets ytre rammer og bygningsspesifikasjon
- 5155 - Opplysningar gitt i nabovarsel (kopi av nabovarsel)
- 5156 - Kvittering for nabovarsel (liste over naboar kan du få av kommunen
Du finn søknadsskjema for byggesak her på www.dibk.no
Vedlegg til søknaden
- Grunngjeving for dispensasjonssøknad frå tekniske krav til byggverk
- Grunngjeving for dispensasjonssøknad frå planformål (om det søkas om slik)
Kva kostar det?
Du må betale behandlingsgebyr for bruksendring. Prisane for 2021 er:
- Behandlingsgebyr for bruksendring - Kroner 5160
- Dispensasjonsbehandlig:
- 100-meters beltet langs sjø j.f. pbl § 1-8 - Kroner 13.760
- Dispensasjon frå føremål, omsynssone i godkjent kommuneplan, kommunedelplan eller reguleringsplan jfr. § 19-21b i PBL) - Kroner 10.320
- Andre dispensasjonar (td utnytting, plassering, etasjetal, høgde osv. ) - Kroner 6020
Det kan vere vanskeleg å endre tilbake til bustad igjen
Bustad som er godkjent endra til fritidsbustad vil være vanskelig å endre tilbake til bustad igjen. Grunnen er at tekniske krav til bustadar vurderast strengare enn for fritidsbustadar.
Auke i eigedomsskatt ved bruksendring
Eigedomsskatt takserast annleis for fritidsbustadar enn for bustadar. Det må såleis påreknas noko auke i eigedomsskatt som følge av bruksendringa. Kor mykje vil variere frå eigedom til eigedom. Dersom ein ønsker ei nærmare berekning, ta kontakt med Kommunalsjef økonomi på telefon 57 73 80 53 eller e-post amy@fjaler.kommune.no.