Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Dette må du gjere før du søker 

Korleis du skal søkje kjem an på kva du skal byggje, rive eller endre

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Før du bygger, river eller gjer endringar må du sjekke kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva og korleis du kan bygge. Dette vil typisk vere avgrensing i storleik, høgde, takvinkel og liknande. Kor mykje du kan bygge på eigedomen er til dømes avhengig av kva føresegene tillet på eigedomen og kor mykje du har bygd frå før. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette.
 

Kommunekart

plankartet kan sjåast digitalt på www.kommunekart.com. Zoom inn på Fjaler kommune, trykk på «Kartlag» i øvre venstre hjørnet, merk av «Arealplan» og «Kommuneplanen sin arealdel 2020-2032» i menyen til høgre.
 

Avstand til nabogrense

Dersom ikkje anna er fastsett i reguleringsplan er hovudregelen at bygg skal plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.

Det vert vurdert unntak frå hovudregelen dersom:

  • du har skriftleg samtykke (fråstandserklæring) frå naboen.
  • søknaden gjeld oppføring av garasje, uthus ol mindre tiltak med samla bruksareal eller bebygd areal mindre enn 50 m2.
     

Avstand til offentleg veg

Dersom ikkje anna er fastsett i reguleringsplan, skal minste avstand frå bygg til midten av kommunal- og fylkesveg vere minst 15 meter og minst 50 meter frå midten av riks- og fylkesveg (som tidlegare var klassifisert som riksvegar). Skal bygge nærare enn dette, må du søke vegmyndigheita (kommunen eller Statens Vegvesen) om dispensasjon frå byggegrensa langs offentleg veg.
 

Graving og forureining

Dersom tiltaket medføre graving og det er mistanke om forureining i grunnen, må det gjerast grunnundersøkingar. Tiltaksplan skal sendast til kommunen for godkjenning.

På Miljødirektoratet sine heimesider finn du meir informasjon om forureina grunn
 

Riving

  • Du må varsle eventuelle panthavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen før du sender inn søknad om løyve til riving.
  • Der bygningen er tilkopla kommunalt vatn- og avlaupsnett må du kontakte Teknisk kontor.


Slik søkjer du byggesak

ByggSøk stenger for nye søknader 1. oktober 2020. Til erstatning for ByggSøk har Direktoratet for byggkvalitet etablert Fellestenester BYGG, ei digital teneste for automatisk kontroll av byggesøknader før innsending til kommunen.

Du kan lese meir om dei nye løysingane på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar, dvs. plan-, snitt-, og fasadeteikningar samt situasjonsplan (kartutsnitt) som viser arealbruken på tomta.

Viss tiltaket ikkje er i samsvar med gjeldande plan, må det søkjast om dispensasjon frå plan, eventuelt frå byggegrensa mot sjø og vassdrag. Område som er avsett til landbruk-, natur- og friluftsområde i arealdelen av kommuneplan må ofte ha dispensasjon for dei fleste tiltak. 

For større byggetiltak og nybygg kan søknader ikkje sendast av tiltakshavar sjølv. Søknader må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkjar. Ansvarleg søkjar skal syte for at søknaden er komplett.

Følgjande tiltak er ikkje søknadspliktig viss dei er i samsvar med gjeldande plan

 

Ferdigattest

Attesten blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon om at arbeidet er ferdigstilt. Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkjar er det ansvarleg søkjar som skal søkje om ferdigattest.

Midlertidig bruksløyve

Så lenge det kun gjenstår mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du også søkje om midlertidig bruksløyve. I løyve skal det gå fram kva arbeid som gjenstår og du får ein frist for å ferdigstille. Eit midlertidig bruksløyve gjer at bygningen kan takast i bruk før du har mottatt ferdigattest.

Byggesaksgebyr

Prisliste over kommunale gebyr