Planstrategi

Alle kommunar skal utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi seinast eit år etter at nytt

kommunestyre er konstituert. Føremålet er å få drøfta og klargjort kva planoppgåver

kommunen bør starte opp eller vidareføre for å leggje til rette for ønskja utvikling i

kommunen. Slik gjer ein planleggingsarbeidet i kommunen meir formålstenleg og effektivt.

 

Planstrategi for Fjaler kommune er ikkje ein plan, og difor ikkje ein arena for å vedta

målsettingar og strategiar. Planstrategidokumentet drøftar utviklingstrekk i kommunen, og

med bakgrunn i dette planbehovet i kommunestyreperioden. I kva grad det er behov for

revisjon av kommuneplanen (samfunnsdel og arealdel) skal særskilt takast opp til vurdering.

 

Kommunestyret vedtok i møte 05.09.2016 i sak 084/16 å leggje framlegg til planstrategi for Fjaler kommune 2016-2019 ut til offentleg ettersyn jf. Plan og bygningslova § 10-1.

 

Alle relevante dokument er tilgjengeleg på https://innsyn.e-kommune.no/innsyn_fjaler/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2016007121&Mid1=10312&