Varsel om planoppstart og høyring av planprogram - Kommuneplanen sin arealdel 2019-2031

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 varslast det om oppstart av revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Samtidig leggast framlegg til planprogram ut på høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.

 

Formannskapet gjorde i møte 26.11.2018 i sak FOR-102/18 følgjande vedtak:

Arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel vert starta opp.

I samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 vert framlegg til planprogram for kommuneplanen sin arealdel, datert 15.11.2018, sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad og hovudfokus for revideringa av arealdelen.

 

Framlegg til planprogram er tilgjengeleg her (PDF, 2 MB), og i papirformat på Fjalerhuset.

 

Det varslast også om planoppstart. Her kan ein komme med konkrete innspel til endra arealbruk og/eller forslag til tiltak. Ved eventuelle innspel til endra arealbruk og/eller forslag til tiltak, må innspelet skildrast. Skriv litt om tiltaket og kva som ynskjast og grunngjeving for ynskt endring. Forklar litt om kva området brukast til i dag. Legg ved eit detaljert situasjonskart der det aktuelle området markerast. Skisser gjerne kva som er tenkt innanfor området innspelet gjeld. Eit nyttig kartverktøy finn ein på www.kommunekart.com.

 

Frist for å komme med innspel til planprogrammet og planoppstart vert sett til 18.01.2019.

 

Eventuelle merknadar og innspel sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, eller til post@fjaler.kommune.no.