Folkemøte

Klikk for stort bilete I samband med utarbeiding av planframlegg for kommuneplanen sin arealdel, vert det i løpet av mars 2019 gjennomført ei ny runde med folkemøte. Vi beklagar noko kort annonseringsfrist.

Folkemøtene er planlagt på følgjande datoar og stadar:

Flekke Tysdag 19.03.2019  kl. 19:00 Grendahuset i Flekke
Guddal Torsdag 21.03.2019  kl. 19:00 Guddal skule (gymsalen)
Våge Onsdag 27.03.2019  kl. 19:00 Grendahuset på Våge
Dale Torsdag 28.03.2019  kl. 19:00 Kommunestyresalen, Fjalerhuset

 

I dette folkemøtet vil kommunen, saman med plankonsulentar, presentere ei skisse av planframlegget for arealdelen. Planframlegget er basert på innkomne innspel i høyringsperioden og innspel frå folkemøte som blei gjennomført i desember 2018. Planframlegget er også bygd på føringane som går fram av planprogrammet.

Vi håpar på godt oppmøte.

 

Vel møtt!