Folkemøte

I samband med oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram på høyring og offentleg ettersyn, vil det bli halde folkemøter rundt om i bygdene.

Folkemøtene er planlagt på følgjande datoar og stadar:

Guddal 06.12.2018  kl. 19:00 Yndestad gard
Flekke 11.12.2018  kl. 19:00 Grendahuset i Flekke
Våge 12.12.2018  kl. 19:00 Grendahuset på Våge
Dale 13.12.2018  kl. 19:00 Kommunestyresalen, Fjalerhuset

 

For å kunne utarbeide ein mest mogleg framtidsretta og realistisk arealdel, er kommunen heilt avhengig av innspel frå bebuarar og næringslivet i Fjaler.

Aktuelle innspel kan for eksempel vere framtidige bustadområde/bustadtomter, næringsområde/industriområde, kai/flytebrygger, etc.

NB! Dale vil ikkje bli prioritert i denne revisjonen av arealdelen, då arealbruken er styrt av kommunedelplan for Dale.

 

Vel møtt!