Arbeidsmøte med næringslivet

I samband med revidering av kommuneplanen sin arealdel vil Fjaler kommune halde eit informasjonsmøte/arbeidsmøte med næringslivet i kommunen.

 

Klikk for stort bilete

For å kartlegge framtidig behov for næringsareal, både på sjø og på land, vil Fjaler kommune halde eit eige informasjonsmøte/arbeidsmøte med næringslivet i kommunen. Her vil Norconsult komme og presentere planprosessen, og gjennomføre ein workshop.

 

Tidspunkt: 08.01.2019  kl. 19:00

Stad: Flekke ungdomshus

 

Vi håpar flest mogleg av næringsaktørane i kommunen har anledning til å komme på møtet!