Arbeidsmøte med formannskapet - 05.11.2018

Måndag 5. november blei det gjennomført eit arbeidsmøte med formannskapet, som er styringsgruppa for kommuneplanarbeidet.

Her orienterte Norconsult politikarane om korleis gjeldande arealdel er, status og framdrift med ny plan og kva føringar som vert lagt til grunn i arbeidet. Det var høve for politikarane å kome med innspel undervegs og etter presentasjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Referat frå møtet kan lesast her (PDF, 40 kB).

 

Vidare arbeid:

Planprogrammet for arealdelen er no under arbeid. Planen er å få lagt planprogrammet fram for formannskapet i møte 26.11.2018, og at planprogrammet vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil i høyringsperioden vere høve til å komme med innspel til planprogrammet. Meir informasjon om dette kjem etterkvart.