Kommuneplanens arealdel

Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan utarbeidast arealplanar for deler av kommunen sitt område.

Kommuneplanens arealdel skal angje hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk, samt kva slags viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala. Kommuneplanens arealdel skal omfatte plankart, føresegner og planskildring der det går fram korleis nasjonale mål og retningslinjer, og overordna planar for arealbruk, er ivaretatt.

Arealformål i kommuneplanens arealdel

  • Bebyggelse og anlegg.
  • Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.
  • Grønnstruktur.
  • Forsvaret.
  • Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift.
  • Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone.
Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering