Adressenamnvedtak

Skiltmasta i Bulandet.JPG - Klikk for stort bilete Fjaler formannskap vedtok 27.06.2016 namn og skrivemåte for namna på adresseparsellane i kommunen (lagt ut på høyring 02.04.2016).

Dokumenta i saka er tilgjengelege nedanfor og på Fjalerhuset. Vedtekne namn går fram av oppdatert adresseplan (PDF, 123 kB). Det er ingen klagerett på namnevalet. For vedteken skrivemåte av namn er det klagerett i medhald av stadnamnlova §10 for dei som har klagerett, jf. §5 i lova. Klagefrist er 3 veker frå kunngjeringsdato.

Eventuell klage skal stilast til Klagenemnda for stadnamnsaker, Språkrådet, postboks 8107 Dep. 0032 Oslo, og sendast til Fjaler kommune, postboks 54, 6961 Dale.

Adresseansvarleg i kommunen kan gje meir informasjon om desse reglane.

 

Adresseplan (PDF, 123 kB)

Adressekart Fjaler (PDF, 374 kB)

Adressekart Dale (PDF, 251 kB)

Adressekart Flekke (PDF, 91 kB)

Adressekart Straumsnes (PDF, 75 kB)

Publisert av Connie Hovland. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 30.08.2016 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering