Slik søkjer du byggsak

Bruk ByggSøk 

Fjaler kommune tek imot søknader gjennom ByggSøk og oppmodar alle til å søkje elektronisk.

Rehabilitering av ungdomshuset i Flekke 20.10.2011 - Klikk for stort bilete

Du vert rettleia gjennom byggesøknaden ved hjelp av hjelpetekster undervegs i utfyllinga.

Første gangen du brukar ByggSøk må du opprette brukarnamn og passord.

 

Skjema og byggesaksblankettar

Om du ikkje ynskjer å søkje elektronisk finn du søknadsskjema for manuell utfylling og innsending på Direktoratet for byggkvalitet sine sider.

 

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar, dvs. plan-, snitt-, og fasadeteikningar samt situasjonsplan (kartutsnitt) som viser arealbruken på tomta.

For større byggetiltak og nybygg kan søknader ikkje sendast av tiltakshavar sjølv. Søknader må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkjar. Ansvarleg søkjar skal syte for at søknaden er komplett.

 

 

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 23.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering