Dette må du gjere før du søkjer

 Korleis du skal søkje kjem an på kva du skal byggje, rive eller endre.

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Før du bygger, river eller gjer endringar må du sjekke kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva og korleis du kan bygge. Dette vil typisk vere avgrensing i storleik, høgde, takvinkel og liknande. Kor mykje du kan bygge på eigedomen er til dømes avhengig av kva føresegene tillet på eigedomen og kor mykje du har bygd frå før. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette.

Fredensborg, uteløe - Klikk for stort bilete Avstand til nabogrense

Dersom ikkje anna er fastsett i reguleringsplan er hovudregelen at bygg skal plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.

Det vert vurdert unntak frå hovudregelen dersom:

  • du har skriftleg samtykke (fråstandserklæring) frå naboen.
  • søknaden gjeld oppføring av garasje, uthus ol mindre tiltak med samla bruksareal eller bebygd areal mindre enn 50 m2.

Avstand til offentleg veg

Dersom ikkje anna er fastsett i reguleringsplan, skal minste avstand frå bygg til midten av kommunal- og fylkesveg vere minst 15 meter og minst 50 meter frå midten av riks- og fylkesveg (som tidlegare var klassifisert som riksvegar). Skal bygge nærare enn dette, må du søke vegmyndigheita (kommunen eller Statens Vegvesen) om dispensasjon frå byggegrensa langs offentleg veg.

 

Graving og forureining

Dersom tiltaket medføre graving og det er mistanke om forureining i grunnen, må det gjerast grunnundersøkingar. Tiltaksplan skal sendast til kommunen for godkjenning.

På Miljødirektoratet sine heimesider finn du meir informasjon om forureina grunn

Riving

  • Du må varsle eventuelle panthavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen før du sender inn søknad om løyve til riving.
  • Der bygningen er tilkopla kommunalt vatn- og avlaupsnett må du kontakte Teknisk kontor.

 

Gå til

Slik søkjer du byggetiltak >

 

 

 

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Edvin Bøthun. Sist endra 25.02.2015 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering